Velkomen til Kvam herad i Hardanger. Kommunen ligg på nordvestsida av Hardangerfjorden med utsikt til Folgefonna. Det bur 8600 personar innanfor klicka här grensene som strekkjer seg frå grensa mot Kvinnherad til aust for Ålvik, 85 km veg langs fjorden. Vestover mot Bergen, langs rv. 7, ligg utfartsområdet Kvamskogen med fleire store Instacasino hyttegrender og fire skianlegg. Frå Bergen til Norheimsund er det 74 km, ein god times køyring med bil, elles går det buss 12 gonger for dagen. Dersom du er i Bergen, er Kvam den næraste staden du kan oppleva det verkelege Fjordnorge med både vill fjord- og fjellnatur og rolegare landskap. I kommunen er det tre hotell, fleire pensjonat, eit godt utval i utleigehytter og nokre campingsplassar langs fjorden og på Kvamskogen. Du vil alltid finna ein plass å bu for eit spennande opphald i Kvam.

NORHEIMSUND
Norheimsund er administrasjons- og servicesenteret i Kvam. Her er det knutepunkt for båtruter casumo innover fjorden mot Utne og Odda og bussruter til Voss og Kvinnherad. 
Kvam fekk tettstadsprisen 2000 for eit stort arbeid med sjøfronten i Norheimsund (bilde). Her er det gjestekai, ny kaipromenade, og gjesteparkering (bilde). Like ved ligg Sandven Hotel. Hotellet, i sveitserstil, sjøhuset og den gamle tingstova utgjer til saman eit særprega historisk miljø. Frå sentrum kan du ta vandreturar langs Movatnet til Steinsdalsfossen - fossefallet du går bakom - eller besøka HardangerFartøyvernsenter, eit aktivt museumsverft.
ØYSTESE 
Denne fjordbygda er svært vakker med hotell, pensjonat og fleire butikksentra. Her ligg også Ingebrigt Vik Museum og Storeteigen bygdemuseum. Øystese er vald som nasjonal tusenårsstad  i Hordaland med tema nasjonalromantikken. Med utgangspunkt i Øystese sentrum finns tre fine bilvandringsalternativ: Fitjadalen med sogesti, Børvemarka og Skårsvatnet med gullfisk (gullvederbuk). Sjusete skisenter er et viktig utgangspunkt for turar både om vinteren og sommaren. I Øysteseområdet finn ein og svært mange fint plasserte utleigehytter. 
STRANDEBARM 
Bygda ligg langs rv.49 sørvestover mot Kvinnherad og er kjend for ein svært vakker natur. Strandebarm har lange tradisjonar innan båtbygging og sjøfart. I dag finn vi den moderne arvtakaren i Fjellstrand hurtigbåtverft. Det er også i Strandebarm vi finn flest fiskeoppdrettsanlegg og eige foredlingsanlegg for laks. Bygda har hotell og mange utleigehyttter ved sida av eit godt lokalt butikktilbod. 

Kvam Reiselivskontor, Sjusetevegen 27, 5610Øystese, Norway 
Tlf.: 047- 56555910 Faks.: 047- 56558440   E-post: k-reise@online.no